Småvilt

Rypejakta 2025


Me opnar forsiktig for rypejakt fram til 23. desember, med begrensa tal kort. Det vert berre lagt ut dagskort og 5-dagarskort i år, samt sesongkort. Desse siste er  er kun for innanbygdsbuande jegrar (frå Vigdalen, Gaupne og bygdene rundt fjorden til Kroken).


For alle korta gjeld bag limit på maksimalt 3 ryper pr. dag uavhengig om dette er lirype, eller fjellrype. Det er tillate å jakta med hund etter 1. oktober.


Korta kan kjøpast på inatur.no

Småviltjakt

Luster Austre Statsallmenning tilbyr småviltkort i allmenningen sitt område. Allmenningen ligg i dei store områda Vest-Jotunheimen og Breheimen.


Det er det lett tilgjengelege området ved Sognefjellsvegen som vert mest nytta til småviltjakt, men Luster austre statsallmenning er stor og vil ein jakta på stader der det er litt lenger frå bilveg er vestlege deler av allmenningen i Nørdstedalsområdet eit fint alternativ. For å koma til dette området må ein starta i Fortun å køyra inn Fortunsdalen til Nørdstedalsæter.


Også i aust i området Gravdalen, Raudalen, Mjølkedalen og Urdadalen er det eit flott jaktområdet om ein ikkje er redd for lange avstandar. Lettaste måten å koma til dette området er å køyra til Leirvassbu, derifrå er det ca 2 km inn til grensa med Luster austre statsallmenning.